Osing nr. 20.000 vart heidra i kommunestyret på torsdag.
Osing nr. 20.000 vart heidra i kommunestyret på torsdag.

Osing nummer 20.000

Thomas Haugland flytta heim til Os i haust, og vart trekt ut som osing nummer 20.000.

I kommunestyret torsdag kunne Marie Bruarøy avsløra kven kommunen har trekt ut som osing nummer 20.000: Thomas Haugland. Han kjem frå Os, men etter ei lang tid vekke flytta han heim til heimbygda i september.

- Osing nummer 20.000 er kjent som Tomtom Studio i musikkbransjen. Han er 35 år gamal, bur på Søfteland, har sambuar og katt, sa ordføraren som hadde teke på seg ordførarkjedet for høvet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den magiske datoen

Den 8. oktober gjekk dåverandeordførar Terje Søviknes ut i Os og Fusaposten og sa at kommunen ønskteå koma i kontakt med alle som flytta til bygda i løpet av september månad. Ei eiga epost-adresse vart oppretta til føremålet, og Haugland var ein av 20 tilflyttarar som sende inn svar.

Ifølgje SSB var det den 1. oktober 20.031 osingar, og dermed var det rundt 12. september at grensa vart passert.

Gåvedryss frå næringslivet

Det vart lova eit gåvedryss på 20.000 kroner til vinnaren, og heile næringslivet i Os har bidratt med gåver. Frå Os og Fusaposten får Haugland eit gratisabonnement. Frå Os kommune fekk han eit gåvekort på kr 4.000, frå Oseana Restaurant eit gåvekort på kr 2.500, og frå Amfi Os eit gåvekort på kr 2.000. Eit ullpledd i alpakka, eit steikepanne, ei vekkjarklokke og billettar til Sondre Lerche-konsert var også blant gåvene.