I kyrkjetunet sørgde ein gjeng konfirmantar for at dei frivillige fekk ei triveleg stund då innsamlinga var over.
I kyrkjetunet sørgde ein gjeng konfirmantar for at dei frivillige fekk ei triveleg stund då innsamlinga var over.

Osingar og fusingar bidrog med nesten éin million

Os og Fusa samla inn i overkant av 923.000 kroner til årets TV-aksjon. Fusingane var, som vanleg, meir gåvmilde enn osingane.

Måndag ettermiddag var det kome inn 223 millionar kroner til Unicef i årets TV-aksjon. 21 millionar av desse kom frå innbyggjarar i Hordaland.

Os samla inn 701.478 kroner, medan Fusa bidrog med 221.850 kroner. Det gjev eit snitt per innbyggjar på 34,84 kroner i Os, og 56,96 kroner i Fusa. Landssnittet var på 42,4 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me hadde 58 bøsseberarar i sving i heile kommunen. I tillegg var det folk som hadde ansvar for å samla inn bøssene i Nore Fusa, Søre Fusa og Strandvik då innsamlinga var over, fortel dagleg leiar for Fusa frivilligsentral, Victoria Tverli Dale.

Det er Dale sin første TV-aksjon i jobben som frivilligleiar. Ho var difor spent på korleis det kom til å gå.

– Innsamlinga har gått over all forventing. Folk er veldig positive og har lyst til å hjelpa. Alt var klart, me hadde dei bøsseberarane me trengte, tidleg i veka, fortel ho.

Inga Linnea Riise Engevik hjelper til med å telja pengane som er komne inn i Fusa.
Inga Linnea Riise Engevik hjelper til med å telja pengane som er komne inn i Fusa.
Elias Gaasand Tvedt vitjar Eirik Søftaland.
Elias Gaasand Tvedt vitjar Eirik Søftaland.
Vaksne og born i alle aldrar bidrog til at Unicef fekk mest mogleg pengar frå aksjonen.
Vaksne og born i alle aldrar bidrog til at Unicef fekk mest mogleg pengar frå aksjonen.

Dale er òg veldig imponert over innsatsen til elevane på Nore Fusa skule. Gjennom eit skuleløp har elevar, føresette og bekjente bidrege med 17.239 kroner, og skulen er dermed den største givaren i Fusa kommune.

– Super dag

Også på andre sida av fjorden, er dei godt nøgde med dagen.

– Innsamlinga gjekk veldig fint. Vi mangla diverre 29 bøsseberarar, så det var ein del område som ikkje fekk besøk, men eg håper at folk sørgde for å gje på andre måtar, seier leiar for Os frivilligsentral, Tove Hille.

Hille fortel om barnefamiliar, ungdom, vaksne og pensjonistar som alle gjorde sitt for å samla inn mest mogleg pengar for at born i krigsherja land skal få mogelegheit til å gå på skule.

– Det var folk i alle aldrar. Nokre tok til og med på seg å gå fleire ruter dersom rutene låg i nærleiken av kvarandre, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv hadde Hille ein forholdsvis roleg dag på jobben.

– På sjølve dagen er alt på plass. Det er berre snakk om litt omorganisering dersom nokon vert nøydde til å trekkja seg, seier ho.

Frivilligleiaren peikar på at det ikkje berre er bøsseberarane sin innsats som fortener ros. Mange bakte kaker til samlinga i Tunet kyrkje- og kultursenter. I tillegg var det fleire born som tok turen innom med pengar dei hadde samla inn ved å selja kaker og leikar.

– Det har vore ein super dag. Det er utruleg kjekt å sjå kor stolte borna som har samla inn pengar på eiga hand er, seier Hille.

camilla.kvamme@osogfusa.no