Silja Døsen Moberg og Anders Fagerthun har trua på Osøyro Kolonial sitt nye butikk-konsept. I løpet av juni opnar butikken i dei gamle lokala til Kleiven Kjøtt og Delikatesse.
Silja Døsen Moberg og Anders Fagerthun har trua på Osøyro Kolonial sitt nye butikk-konsept. I løpet av juni opnar butikken i dei gamle lokala til Kleiven Kjøtt og Delikatesse.

Osøyro Kolonial utvidar: Får butikk og inngang på gatenivå

I løpet av juni opnar Osøyro Kolonial sin nye butikk i dei gamle lokala til Kleiven Kjøtt.

Våren 2017 kjøpte Osøyro Kolonial det gamle kjøken-lokalet til Kleiven Kjøtt & Delikatesse på Øyro. Sidan den gong har Silja Døsen Moberg og ektemann Pål Moberg med stor suksess drive catering frå desse lokala.

Det har likvel ikkje vore nokon løyndom at firmaet har ønskt seg butikklokale i nær tilknyting til kjøkenet. No blir det ei ordning på det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har jobba med dette ei stund, og er veldig glade for å ha kome fram til ein avtale med huseigar Anders Fagerthun. I praksis får me no leiga heile Kleivens gamle butikklokale, jublar Silja Døsen Moberg.

God avtale med Orion

Men før Silja og medarbeidarane hennar får høve til å laga buikklokale på dei vel 60 kvadratmetrane i front av Kleiven-kjøkenet, må huseigar Fagerthun gjera nokre små justeringar.

– Det er jo restauranten Orion som har nytta desse lokala fram til no. Per dags dato har dei framleis toaletta sine i lokalet. Dei må må no flytta over til den sida som vender mot hovudlokalet deira, forklarar huseigar Fagerthun.

Silja, Shahram Rezai og Anders Fagerthun trur det nye butikk-tilbodet vil løfta annan aktivitet i Fagerthun-bygget og på Osøyro forøvrig.
Silja, Shahram Rezai og Anders Fagerthun trur det nye butikk-tilbodet vil løfta annan aktivitet i Fagerthun-bygget og på Osøyro forøvrig.

Dagleg leiar i Orion, Shahram Rezai, stadfestar at avtalen med huseigar og Osøyro Kolonial er bra også for dei.

– Jaudå, dette blir bra for alle. Trass i større konkurranse i Os den siste tida, har me hatt jamn oppgang. Likevel er me komne fram til at me kan seia frå oss litt av lokalet, seier Shahram Rezai.

Han synest det er kjekt å få ein populær butikk vegg i vegg.

– Dette er veldig positivt. Me trur at meir aktivitet og tilbod i denne gata førar til at fleire finn vegen til sentrum. Dette er vinn-vinn for alle partar, seier Orion-sjefen.

Lokale råvarer

Silja gler seg storveges til å få pussa opp og tilpassa lokala. Deretter gler ho seg til å få opna opp døra ut mot hovudgata i sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir fantastisk. Me har jobba lenge for dette, og har verkeleg trua på at me skal kunna driva ein butikk med sal av ferskt kjøt, ostar, egg, tilbehøyr, lunsjrettar, drikke og andre sunne, gode matvarer.

Som medlem av Bjørnefjorden Matkultur blir det sjølvsagt fokus på lokalproduserte matvarer.

– Ja, me ser for oss å vidareføre konseptet frå cateringen. Lokale råvarer står sentralt, stadfestar Silja.

Også nokre gode råd frå tidlegare butikkdrivar Hans Anton Kleiven har ho fått med seg.

– Han er jo enormt kunnskapsrik. Eg ser ikkje bort frå at eg samarbeider litt med han i framtida, seier Silja og blinkar lurt.

Ut og fram i gata

Også huseigar Anders Fagerthun er glad for at butikken no blir ein realitet.

– Eg har veldig sansen for konseptet til Silja og dei. Eg trur at Øyro som handelsstad vil bli meir attraktiv med dette tilbodet. For meg er det heilt naturleg å støtta lokale pådrivarar som Silja og dei, smiler Fagerthun.

– Kva får det å seia for Osøyro Kolonial å få koma fram og ut på gateplan?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har bra kundeskare allereie, men det å vera synleg og lett tilgjengeleg er alfa og omega i denne bransjen. Dessutan blir det hyggjeleg og sosialt å få fleire kundar på dør, seier ho.

– Du blir ikkje åleine om dette her?

– Nei, no har eg nett tilsett Ingrid Bjaadal og i tillegg må me ha inn ein eller to til, så dette blir ein sosial arbeidsplass, smiler ho.

Bonderomantisk

I desse dagar jobbar Silja, ektemann Pål Moberg og Siljas far, som også er medeigar i Osøyro Kolonial, med planane for oppussing av lokalet.

– Me har så vidt byrja å sjå på korleis me vil ha det. Truleg blir det eit par diskar og elles eit noko ope lokale. Tanken er at det skal vera uformelt og koseleg.

– Blir det mykje arbeid med å tilpassa lokalet?

– Det blir nok litt måling og tilpassing. Tanken er at det skal få eit slags bonderomantisk preg, seier butikk-grûnder Silja.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no