Kommunestyret ha fatta vedtak om at dei politiske møta (kommunestyret og etter kvart formannskapet, plan- og bygningsutvalet og tenesteutvalet) skal sendast direkte på web-TV.
Kommunestyret ha fatta vedtak om at dei politiske møta (kommunestyret og etter kvart formannskapet, plan- og bygningsutvalet og tenesteutvalet) skal sendast direkte på web-TV.

Overfører direkte frå årets siste kommunestyremøte

Politiske møte i Os skal sendast direkte på web-TV. I morgon er det premiere.

Kommunestyret har fatta vedtak om at dei politiske møta (kommunestyret og etter kvart formannskapet, plan- og bygningsutvalet og tenesteutvalet) skal sendast direkte på web-TV.

- Os kommune har no fått utstyret på plass og vil etter planen gå på lufta i samband med årets siste kommunestyremøte i morgon 18. desember, opplyser Andris Hamre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sendinga kan sjåast både på osogfusa.no og på https://oskommune.kommunetv.no frå klokka 17.00.

- Her kan ein følgja debatten direkte, eller sjå delar av sendinga i opptak i etterkant. Kvar sak vil bli «tidsstempla» slik at ein kan gå direkte til denne, fortel Hamre.

Sjåaren kan i følgje Hamre sjølv velja kva kamera ein vil sjå på

- Vi har eitt kamera mot talarstolen, eitt oversiktskamera over salen og eit kopla på projektorane slik at det som blir vist der, samstundes blir vist i TV-ruta om sjåaren ønskjer å sjå dette.

På sakskartet til møtet i morgon står mellom anna saka om parkeringsløysing på Osøyro, Budsjett 2019/Økonomiplan 2019-2022, Familiens hus og rullering av handlingsprogrammet for 2019 for kommunedelplanen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

jostein@osogfusa.no