Reni Alexandra Birkelid og Baker Brun-kjeda får mykje ros for at dei er med på "To Good To Go"-opplegget, og på den måten gjer sitt til at svakare stilte kan få rimeleg mat og samstundes hindrar at god mat vert kasta.
Reni Alexandra Birkelid og Baker Brun-kjeda får mykje ros for at dei er med på "To Good To Go"-opplegget, og på den måten gjer sitt til at svakare stilte kan få rimeleg mat og samstundes hindrar at god mat vert kasta.

Overskotsvarene flyg

Det er stor rift om «To Good To Go»-varene til Baker Brun på AMFI Os.

Kring 200 butikkar, bakeri og hotell i Noreg er med på konseptet der kundar ved hjelp av «To Good To Go»-appen kan kjøpa matvarer til sterkt reduserte prisar ved stengjetid.

Baker Brun på AMFI Os er blant dei som er med.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Hor hos oss vart ordninga sett i gang på seinsommaren i fjor. Avgjerda vart teke av Baker Brun-leiinga. I dag er alle Baker Brun og Solbrød-butikkane i Bergen med på dette opplegget, fortel Reni Alexandra Birkelid ved Baker Brun AMFI Os.

Absolutt etterspurd

Det var i samband med ein artikkel i Bergens Tidende søndag at Birkelid var ute og flagga saka. Ein Facebook-skribent på «Oppslagstavla i Os» etterlyste butikkar i Os som hadde «To Good To Go»-app-avtale.

Birkelid kunne då fortelja at Baker Brun har drive med det i over eit halvt år.

- Eg skjønar godt at tilbodet vert etterspurd. Etter det me har erfart er det svært populært. Me har klare fire fulle poser med bakervarer kvar dag. Innan ti minutt etter stengjetid er posane gått, alle som ein, fortel Birkelid.

Ho fortel at det er mange ulike kundar som kjøper varer på denne måten.

- Dei kjem i alle aldrar. Nokon er faste kundar. Andre kjem innom sånn av og til, fortel ho.

Først til mølla

Varene vert selde ut til svært reduserte prisar. For ein pose hos Baker Brun kostar det 35 kroner.

- Kor mange kan kvar enkelt kunde kjøpa?

Artikkelen held fram under annonsen.

- I prinsippet kan ein kunde kjøpa alle dei fire posane. «To Good To Go»-appen funger ved at ein bestiller så snart dagens sal vert annonsert - eg trur det er frå midnatt natta i førevegen. Der tingar ein det ein vil ha på dei respektive TGTG-butikkane, betaler via appen og hentar varene med kvittering neste dag.

- Så her er det i prinsippet førstemann til mølla som gjeld?

- Ja, det kan synest slik. Men her bruker det å vera fleire som får posar kvar dag, seier Baker Brun-ekspeditøren.

Jober med Vestlandet

Leiinga ved TGTG jobbar i desse dagar med å få fleire samarbeidsparntarar i Bergen og områda rundt.

- I starten hadde me klart flest samarbeidspartnarar i Oslo-området, sidan det er her me har hovudkontoret vårt, men i haust fekk me tilsett ei dame som har fått ansvaret for Vestlandet. Etter kvart reknar me med å få fleire og fleire butikkar, restaurantar, hotell og bakeri med på laget, også i Os og Fusaposten sitt område, seier presseansvarleg i TGTG, Sophie Wiik.