Førsteamanuensis Helga Fleche Kleiven er utdanna som maringeolog ved Universitetet i Bergen.
Førsteamanuensis Helga Fleche Kleiven er utdanna som maringeolog ved Universitetet i Bergen.

På jakt etter Eirik Raudes badetemperatur

Klimaspørsmål er eit av dei viktigaste tema som blir diskutert i vår tid, og måndag blir det foredrag om dette på møte i Os Senioruniversitet.

Førsteamanuensis Helga Fleche (Kikki) Kleiven vil halda foredrag om «På jakt etter Eirik Raudes badetemperatur – eit foredrag om klima».

Kikki Kleiven er utdanna som maringeolog ved Universitetet i Bergen. Ho er no tilsett ved Institutt for geovitskap (UiB) og tilknytta Bjerknessenteret for klimaforsking. Ho har skrive doktorgrad om istider og er ekspert på fortidsklima.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kikki Kleiven er omtala som eit fyrverkeri av ein formidlar. Ho har vunne fleire formidlingsprisar, bl.a. Meltzerfondets pris for framifrå forskingsformidling. Vi kan sjå fram til eit fagleg foredrag om eit av vår tids viktigaste tema – klimaendringane – framført med humør og forståeleg for vanlege folk.

Vi viser til annonse i fredagsavisa.

Olav Søfteland

Os Senioruniversitet