Partia med størst oppslutnad i Fusa, ifølgje "Os og Fusaposten" sine meiningsmålingar, Senterpartiet og Arbeidarpartiet, er ikkje på bølgjelengde i skulestruktursaka. Svein Lang (Sp) meiner det er fullt mogleg å bevara dagens struktur, medan Atle Kvåle (Ap) meiner det er naudsynt å gjera endringar.
Partia med størst oppslutnad i Fusa, ifølgje "Os og Fusaposten" sine meiningsmålingar, Senterpartiet og Arbeidarpartiet, er ikkje på bølgjelengde i skulestruktursaka. Svein Lang (Sp) meiner det er fullt mogleg å bevara dagens struktur, medan Atle Kvåle (Ap) meiner det er naudsynt å gjera endringar.

På kvar sin planet?

Skulestruktur var den saka som tydlegast fekk fram ulikskapen mellom partia i debatten i Fusa torsdag. Skiljet gjekk mellom dei partia som vil behalda dagens struktur, og dei som meiner ei endring er uunngåeleg.

Torsdag inviterte «Os og Fusaposten» til politisk debatt på Fusa vidaregåande skule. Ordførarkandidatane frå sju av åtte parti deltok i debatten. Tema var folketal, kommunereform og skulestruktur.

Skuledebatten var den som, ikkje overraskande, fekk temperaturen i auditoriet til å stiga mest.

Artikkelen held fram under annonsen.

Letta på sløret

I debatten på NRK si valferje for ei veke sidan, ønskte ikkje Atle Kvåle (Ap) å seia noko om kva skular Arbeidarpartiet ser føre seg at må vika som følgje av ei endring i skulestrukturen. På Fusa vidaregåande skule letta ordførarkandidaten på sløret.

- Arbeidarpartiet ønskjer å behalda dagens barnehagestruktur. Kvar skulane ligg er mindre viktig, sett frå eit læringsarenaperspektiv, opna Kvåle.

Essensen i det heile er at Ap, til liks med Frp, ønskjer éin felles skule i Eikelandsosen for elevar frå Holdhus- og Eikelandsosen-området, og éin felles skule for elevane på Fusa-halvøya.

Avtroppande ordførar Hans S. Vindenes (Sp) fekk med seg debatten frå tilskodarplass.
Avtroppande ordførar Hans S. Vindenes (Sp) fekk med seg debatten frå tilskodarplass.
Trass strålande vêr, var det smikkfullt i auditoriet på Fusa vidaregåande skule på debatten.
Trass strålande vêr, var det smikkfullt i auditoriet på Fusa vidaregåande skule på debatten.

- Vår plassering av ein offentleg skule på Fusa-halvøya vil vera i Fusabygda, sa Kvåle.

- Så det betyr at skulane i Strandvik og på Holdhus vert nedlagde? spurte ordstyrar og journalist i «Os og Fusaposten» Anne Marie Aarøen Vangsnes.

- Ja, det vert den ubehagelege konsekvensen av det, sa Kvåle og la til at Arbeidarpartiet meiner at driftsbudsjettet til Fusa kommune ikkje gjer det mogleg å forsvara dagens skulestruktur.

Svein Lang (Sp) meiner det er feil å basera skulenedlegging på økonomiske argument åleine. Ordførarkandidaten understreka at bevaring av distriktsskular snarare er eit spørsmål om verdiar.

- Nasjonale prøver viser at kvaliteten i skulane i Fusa er høg. Ønskjer politikarane å behalda dagens struktur, så klarer ein å finna pengar til det, meinte Lang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvåle meiner dagens skulestruktur ikkje er berekraftig, og fekk tommel opp frå Venstres ordførarkandidat, Arild Heggland.

- At borna ikkje får vikar når læraren er borte, er litt i grenseland. Men kva vert det neste? Kanskje 7.-klassingane kan vera vikar for 1.-klassingane, sa Heggland.

Venstre-politikaren meinte bygdene som eventuelt mister skulane sine, bør snu skulenedlegginga til noko positivt, og bruka skulebygga til noko nytt.

- Med større skular får elevane fleire kameratar og jamnare klassar. Det er ingenting negativt med det, sa Heggland, som meinte elevane burde feira med toradarmusikk og flagg på skulebussen mellom Holdhus og Eikelandsosen.

- 60 mill. i etterslep

For Høgre er det to aspekt som er viktige når det gjeld skulestruktur: Elevar som trivst og skulane si tyding i folketalsutviklinga.

- Om vi ønskjer at alle bygdene i Fusa skal utvikla seg i framtida, må vi bevara skulane. Det held ikkje med barnehagane, sa Aud-May Boge.

Slik situasjonen er i dag, meiner SV det ikkje er nok ressursar til å bevara dagens struktur.

- Anten må skuleeininga få tilført meir penger, eller så må strukturen endrast. Endring av skulestrukturen, må ha brei støtte i folket, sa Birgitte H. O. Skibenes.

Artikkelen held fram under annonsen.

SV-politikaren understreka at ein ikkje må gløyma dei 60 millionar kronene Fusa kommune har i etterslep når det gjeld vedlikehald av kommunale bygg.

- Det er viktig at elevane har eit godt læringsmiljø, og skulebygg som fungerer, sa Skibenes.

- Kvar skal Sp og H få pengar til å bevara dagens skulestruktur. Vil de auka eigedomsskatten, undra ordstyrar Vangsnes.

- Vi meiner det er mogleg å bevara dagens struktur utan å auka eigedomsskatten, svara Boge.

Ordførarkandidaten peika mellom anna på kostnadsstyring i einingane og trafikksikring av skulevegar slik at fleire får høve til å sykla framfor å bussa.

- Vi må leita etter tidstjuvar og få meir ut av dei pengane vi har, sa Boge.

Lang på si side peika på at eigedomsskatten i Fusa er låg (2 promille), samanlikna med andre kommunar.

- I Samnanger er skattesatsen 2,4, i Kvam 4, fortalde Lang.

Artikkelen held fram under annonsen.

To val?

- Det er ingen som har sagt at små skular er dårlegare enn store skular, men dei kostar meir. Og det er det men-et som er utfordringa her. Noko må gjerast, slo Magne Djuvik (Frp) fast.

Bjarte Samnøy (KrF) er samd med Djuvik. Ikkje først og fremst på grunn av økonomi, men på grunn av læringsforholda til elevane.

Samnøy ønskjer seg større skulemiljø, fleire leikekameratar for elevane og heile klassar.

- I ein klasse på fem personar, kven er det som torer å reisa seg og seia: Eg trivast ikkje? Eg hadde i alle fall ikkje tort det, påpeika Samnøy.

28. september går høyringsfristen i skulestruktursaka ut. Før den tid har fusingane eit kommuneval å ta stilling til. I skuledebatten har det tilsynelatande oppstått to vidt forskjellige val mellom partia som ønskjer å bevara dagens skulestruktur, og partia som ønskjer ei endring. Spørsmålet er kva innbyggjarane i Fusa vel 14. september.

- Ikkje meir eigedomsskatt

I debatten snakka politikarane også om kva Fusa bør gjera for å få opp folketalet i kommunen. Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå hadde Fusa ein nedgang i folketalet i andre kvartal i 2015 på 11 personar. Dermed er folketalet nøyaktig det same som ved årsskiftet, 3.838 innbyggjarar.

Samtlege parti var samde i at kommunen bør bli flinkare til å leggja til rette for bustadbygging, anten det gjeld nøkkelferdige hus eller tomter.

Ventres Arild Heggland snakka dessutan varmt om å setja seg eit mål når det gjeld folketal, til dømes 4001 innbyggjarar, slik kommunen hadde i 1965.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi må gjera oss så attraktive at vi får nokon som ikkje kjem frå Fusa til å flytta hit, sa Heggland.

Djuvik meiner det er for dyrt å bu i Fusa. Framstegspartiet har programfesta at dei ikkje vil auka eigedomsskatten i komande periode.

- Men vil de kutta han ut? spurte Vangsnes.

- Det er ikkje realistisk å kutta ut eigedomsskatten dei fire neste åra, svara Djuvik.

Lang meinte Djuvik var på djupt vatn då han hevda at det var dyrt å bu i Fusa.

- Det er viktig at slike påstander ikkje vert ståande som sanne. Eigedomsskatten er låg. Når det gjeld dei kommunale avgiftene er det noko som er dyarare enn andre stader, og noko som er billegare. Summa summarum er det ikkje dyrt å bu i Fusa, sa Lang og fekk og fekk applaus frå salen.

- Det må vera lov å seia at det er dyrt å bu i Fusa utan at ein vert stempla som ein som snakkar ned kommunen, repliserte Djuvik.

Ifølgje Kvåle finst det ikkje noko «quick fix» på utfordringane knytt til folketal. Samferdslepolitikaren trekkjer fram nettopp samferdsle som ein nøkkelkomponent for å lukkast i framtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det må vera overkommeleg for folk å arbeida i Bergen og bu i Fusa, sa han.

Politikarane vart også utfordra på spørsmålet om kommunesamanslåing. Her var det relativt brei semje om at ein må få større innblikk i kva konsekvensar ei eventuell samanslåing vil få, både når det gjeld fordeling av oppgåver og finansiering.