Skulelys: Lysa som står om natta, er i dette bygget.

På Lunde barneskule står lysa framleis på om natta

Medan straumprisane er høgare enn nokon gong, står lysa på barneskulen framleis på om natta. Rektor er klar på at dei ikkje kan ta skulda.

I etterkant av utbygginga av Lunde barneskule i 2017 og 2018 var det lenge slik at lysa stod på døgnet rundt. Os & Fusaposten skreiv om saka den gong, og fekk deretter forståing av at problemet var løyst. Slik er det altså ikkje.

Med det store fokuset på høge prisar og korleis spara straum, er folk ekstra merksame om dagen. I lys av dette har lokalavisa fått fleire tips om lys som framleis står på døgnet rundt på skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Til no har kommunen spart 730.000 kWh i straum. Likevel blir 2022-rekninga gigantisk

Teknisk problem

Rektor ved Lunde barneskule, Elin Skaatun, konstaterer at det finst lys på skulen som framleis står på heile natta.

— Slik har det vore sidan utbygginga av skulen. I den nye delen er det nemleg slik at skulelysa er automatiske. Desse har ikkje me som jobbar her, styringa på, fortel Skaatun.

Ho fortel at det vinteren 2019, då saka sist var omtala, var fleire lys som stod på om natta. No er det ein mindre del av skulen som er opplyst.

– I hovudsak er det trappegangen på austsida av skulen, men den lyser godt opp, så eg forstår at folk reagerer om dei ser det lyser der om natta, seier rektor Skaatun.

Ho vedgår at dei har fått kommentarar, dei også.

— Ja, det hender me høyrer det, men me kan altså ikkje gjera noko frå skulen si side. Det er ikkje brytarar der, konstaterer rektoren.

Les også
- Skulebygningen lyser som ein UFO på kveld og nattestid

— Dette må me sjå på

Leiar for drift og vedlikehald i Bjørnafjorden kommune, Dag Søfteland, vert overraska når han får telefon om dette temaet.

— Er det framleis lys på om natta? Det var eg ikkje klar over. Eg meiner å hugsa at dette var eit problem som oppstod i overgangen mellom utbygging og overtaking av bygget. At det vara ei stund etter det, men at me fekk orden på det, kommenterer Søfteland og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då skal me sjølvsagt sjå nærare på saka. Det er klart.

— Har de ekstra fokus på å spara på straum slik prisane er no om dagen?

— Me har det, og me kan ikkje ha det slik at me bruker straum på å lysa opp eit kommunalt bygg på nattestid, konstaterer Søfteland.