Osingen Jeanette Helen Bohnhorst (30) grein og skalv då ho høyrde at ho hadde vunne bronsemedalje i olympisk meisterskap.
Osingen Jeanette Helen Bohnhorst (30) grein og skalv då ho høyrde at ho hadde vunne bronsemedalje i olympisk meisterskap.

På pallen i olympisk meisterskap for negler

Jeanette Helen Bohnhorsts debut i Olympisk meisterskap for negler blei ein stor suksess. Osingen reiste heim med bronsemedalje i bagasjen.

- Eg hadde aldri trudd at eg skulle ta medalje. Det er heilt sjukt å tenkja på at eg er blant dei ti beste i verda i dei fire kategoriane eg tevla i, seier ho.

Det var i kategorien "salongnegler" at osingen hamna på pallen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grein og skalv

Den olympiske meisterskapen, Nailympia, er ein årleg meisterskap.

- Dette var min første meisterskap. Nailympia plar verta arrangert i London, som i år, men no skal dei visst nok også arrangera i Australia, seier ho.

- Korleis reagerte du då namnet ditt vart ropt opp, og det gjekk opp for deg at du hadde hamna på pallen?

- Eg grein så eg hylte og skalv i heile kroppen. Det kom som eit enormt sjokk.

Driver si eiga salong

Bohnhorst driver sin eigen salong i Laguneparken, og jobbar i tillegg som lærar på den anerkjende fagskulen Tone Lise Akademiet i Oslo. 30-åringen har halde på med negler i ni år, og er dermed rutinert innan faget. Det kom likevel som eit stort sjokk at ho hevda seg så bra i ein olympisk meisterskap.

- Eg sa til stamkundane mine at eg ikkje hadde håp om medalje. Då sa dei at eg måtte ha større tru på meg sjølv, fordi dei meiner at eg er så flink, seier Bohnhorst.

Tevlar i 2. divisjon

Kanskje dei låge skuldrene var delar av grunnen til at ho klarte å hevda seg så godt blant 596 deltakarar frå heile verda. Deltakarane vert delt inn i tre divisjonar. 1. divisjon er for nybyrjarar, 2. divisjon er for profesjonelle, og 3. divisjon er for veteranar. Bohnhorst som er utdanna neglteknikker, tevlar i 2. divisjon.