Måndag ønskte Jeanett Kallekleiv velkomen til nyopning av Borg Vêr i AMFI Os. På opningsdagen hadde ho med seg veslesøstera Jannike (t. v.) og ekstrahjelp Martine Frotveit Johnsen.
Måndag ønskte Jeanett Kallekleiv velkomen til nyopning av Borg Vêr i AMFI Os. På opningsdagen hadde ho med seg veslesøstera Jannike (t. v.) og ekstrahjelp Martine Frotveit Johnsen.

På plass i nye lokale

Jeanett Kallekleiv håper flyttinga til AMFI Os vert det løftet ho trur det skal bli. Måndag var det nyopning av Borg Vêr i senteret.

Måndag klokka 12 kunne Kallekleiv, innehavaren av Borg Vêr, ønskja velkomen inn i den nye butikken sin på AMFI Os. Då vart forhenget som har hengt framføre døra i butikken i andre etasje dei siste vekene, fjerna.

– Deilig. Det vart litt travelt mot slutten så no er det veldig deilig å berre ha éin butikk, seier Kallekleiv som hadde sin siste opningsdag på Osøyro på lørdag, etter ganske nøyaktig to år i Tønjumgarden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– To år minus 20 dagar, seier ho og smiler.

– Mange fordelar

På opningsdagen fekk ho hjelp frå lillesøster Jannike og pappa Arne, samt den nye ekstrahjelpen hennar, Martine Frotveit Johnsen.

Kallekleiv trur det er mange fordelar med å etablera seg i senteret.

Senterleiar Silje Lygre var innom med blomar og gode ønske for den nye butikken.
Senterleiar Silje Lygre var innom med blomar og gode ønske for den nye butikken.
Ballongar, "champagne" og kanapear må til når ein ny butikk er dagens lys. Veslesøster Jannike og pappa Arne hjelper til.
Ballongar, "champagne" og kanapear må til når ein ny butikk er dagens lys. Veslesøster Jannike og pappa Arne hjelper til.
Marit Engevik var den første som drog frå butikken med ein lyseblå pose i neven. Ho synest det er flott at Kallekleiv har etablert seg i senteret.
Marit Engevik var den første som drog frå butikken med ein lyseblå pose i neven. Ho synest det er flott at Kallekleiv har etablert seg i senteret.

– Felles opningstider, god kundestraum, og at alt er under same tak, seier ho.

Butikkinnehavaren ønskjer å få ut det fulle potensiale til Borg Vêr. No ser ho fram til kvardagane. Det er dei som er aller kjekkast. I tillegg er ho nyfiken på å finna ut kva skilnaden mellom Øyro og Amfi faktisk er.

– Eg håper flyttinga vert det løftet eg trur det skal bli, seier Kallekleiv om satsinga i den nye butikken.

– Kostnadene går opp. Då er vona at inntektene skal gjera det same, legg ho til.

Kallekleiv avslører også at ei nyetablering på nett, er del av den nye satsinga hennar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Planen er å koma på nett igjen seinast i januar, seier ho.

– Flott tilskot til senteret

Kort tid etter at dei første kundane har gjort sin inntog i butikkne, er senterleiar Silje Lygre på plass med blomar og ei gratulasjonshelsing.

– Vi synest det er kjempekjekt at Jeanett ville koma opp til oss. Borg Vêr er eit flott tilskot til dei andre butikkane på senteret, så vi gler oss veldig, seier Lygre.

Senterleiaren er imponert over kva Kallekleiv, med god hjelp frå familiemedlemer og andre, har fått til på så kort tid.

– Det har blitt ein utruleg fin butikk, seier ho.

Første kunde

Blant kundane som stakk innom butikken på opningsdagen, var Marit Engevik. Ho sikra seg ein cardigan og ein strikkegenser.

– Eg er veldig glad for at Borg Vêr har flytta opp på Amfi-senteret. På Os slit eg med å finna parkering, seier Engevik og legg til:

– Eg likte det eg såg i butikken. Kleda er flotte. Eg kjem nok igjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

camilla.kvamme@osogfusa.no