På sykkelturen til Os fekk fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) mellom anna høyra om planane for næringsareala i Lyseparken. Susanne Sperrevik frå Os Høgre til venstre.
På sykkelturen til Os fekk fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) mellom anna høyra om planane for næringsareala i Lyseparken. Susanne Sperrevik frå Os Høgre til venstre.

På sykkeltur til Os

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) syklar Hordaland på langs i samband med valkampen. Tysdag gjekk turen frå Bystasjonen til Amfi Os.

Tanken er å setja fokus på miljøvenleg transport og farbarheit for mjuke trafikantar. Framkostmiddelet er ein elektrisk sykkel.

- Korleis var turen?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Å vera syklist langs E39 går relativt greit. Det er framleis mykje som kan gjerast, nokre stader er kantane litt for høge, og omvegane litt for lange, men ein kjem seg stort sett trygt fram mellom Bergen og Os, seier fylkesordføraren og legg til:

- Utfordringa i Os er å koma seg til sykkelvegane dersom ein ikkje bur langs E39.

Ofte heng tilhøvet for dei mjuke trafikantane saman med standarden på bilvegen. Nilsen og følgjet hans tek bilete undervegs. På den måten kan dei peika på stader med forbetringspostensiale.

Mat må til når ein skal sykla frå Bergen til Os. På Er-An Veikro stogga følgjet for lunsj.
Mat må til når ein skal sykla frå Bergen til Os. På Er-An Veikro stogga følgjet for lunsj.

- I samband med utbygging av vegnettet, som til dømes E39 mellom Bergen og Os, dukkar det opp moglegheiter for å gjera situasjonen betre også for dei mjuke trafikantane. Det er viktig at strekkja ein først set i gang med vert gjort ferdige. Enkelte stader ser det litt ut som eit lappeteppe, seier han.

Fylkesordføraren skal sykla frå Fedje til Sveio. I Os vitja han mellom anna verksemda Norwegian Deck Machinery AS (NDM) i Ulvenparken. Nilsen var også innom lokala til Os Bygg & Eiendom på Osøyro for å høyra om planane for næringsareala i Lyseparken.