Historias fyrste fellesmøte mellom Os og Fusa Sp vart halde på Lyngheim. Frå venstre - Even Revne, Harald Lekven, Laila Stabell, Jostein Ljones, Siren Tømmerbakke , Henrik Tandstad Tronerud, Hege Aase Tysnes og Eivind Moberg.
Historias fyrste fellesmøte mellom Os og Fusa Sp vart halde på Lyngheim. Frå venstre - Even Revne, Harald Lekven, Laila Stabell, Jostein Ljones, Siren Tømmerbakke , Henrik Tandstad Tronerud, Hege Aase Tysnes og Eivind Moberg.

På veg mot eit samla Sp

Senterpartiet er på veg til eitt lag i Os og Fusa.

Både Fusa Senterparti og Os Senterparti hadde i framlegg til årsmøta sine eit punkt om snarleg sammøte mellom Sp, og Os Senterparti var vertskap for det første felles styremøtet 28. november. Møtet vart halde på Lyngheim.

Frå Fusa Senterparti møtte Hege Aase Tysnes (ny leiar), Laila Stabell, Even Revne og tidlegare leiar, Haldor Tuft. Frå Os Senterparti møtte Eivind Moberg (leiar), Siren Tømmerbakke, Harald Lekven og Henrik Tronerud. Utover det møtte leiar i Hordaland Senterparti Jostein Ljones.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette møtet tok først og fremst føre seg framdrifta i prosessen til eitt lag, fortel Eivind Moberg.

Fusa Senterparti har årsmøtevedtak på at samanslutninga skal gjelda frå 1. januar 2020.Då det er kommuneval i 2019, lyt partiet likevel velja eit interimstyre og ei nominasjonsnemnd.

I møtet vart det vidare semje om at Fusa Senterparti sine kommunerepresentantar skal vera med på det neste fellesmøtet. For Os sin del er dei representerte i dagens styre.

- Elles gjekk det heilt klart fram i diskusjonen frå begge lag at dette er to likeverdige partar som slår seg saman, opplyser Moberg.

Det vart vedteke at det neste felles møtet skal vera i Fusa kommune i januar 2018.

jostein@osogfusa.no