Væpna: Politiet væpna seg grunna usikkerheit rundt korleis vedkomande ville agera når dei tok kontakt.

Væpna politiaksjon varte i 11 timar

Store politistyrkar tok oppstilling utanfor eit bustadhus.

Like før klokka 06 melde BT at det pågjekk ein væpna politiaksjon i Os sentrum.

Politiet ynskte å koma i kontakt med ein mann i samband med ei sak dei etterforskar. Mannen skal då ha kome med trugslar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Aksjon avslutta: – Mannen er pågripen
Les også
Mannskap frå beredskapstroppen er komen frå Oslo

I fylgje BT skal mannen vera åleine, og det er heller ingen grunn til å tru at han er væpna.

Politiet væpna seg grunna usikkerheit rundt korleis vedkomande ville agera når dei tok kontakt.

Oppfordring: Politiet ba folk i området om å følgje oppfordringar frå politiet om kvar dei kunne gå og ikkje.

Dei bad også folk i området om å følgje oppfordringar frå politiet om kvar dei kunne gå og ikkje.

Les også
Politiet utelukkar ikkje at mannen kan ha våpen

Eit vitne fortalde til Os & Fusaposten at det var fleire politibilar ved eit bustadhus nær rundkøyringa ved Uno X.

Ein politimann stod i ein hage med eit våpen retta mot eit hus.

Politiaksjon: Politiet hadde så langt ikkje fått kontakt med mannen.