Ein person sit i arresten mistenkt for skadeverk på bil. Personen skal avhøyrast i løpet av dagen, ifølgje politiet. (Arkivfoto)
Ein person sit i arresten mistenkt for skadeverk på bil. Personen skal avhøyrast i løpet av dagen, ifølgje politiet. (Arkivfoto)

Pågripen for skadeverk på bil

Mannen som er mistenkt for å ha kutta opp hjula, og kasta måling på ein bil i Os natt til sundag sit framleis i arresten. - Han skal avhøyrast i løpet av dagen, opplyser politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Sundag morgon fekk politiet i Os melding om at ein bil og ein tilhengjar hadde fått dekka kutta opp. I tillegg var det helt måling over bilen.

- På bakgrunn av det som hadde skjedd, fekk vi ransakingsordre hjå ein person vi trudde kunne ha noko med episoden å gjera, opplyser politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Audun Hadler-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

På staden tok politiet beslag i fleire gjenstandar som politiet meiner styrkjer mistanken om at personen har noko med skadeverket å gjera. Politioverbetjenten ønskjer ikkje å seia noko om kva som gjorde at personen kom i politiet sitt søkjelys i utgangspunktet.

- Personen vart arrestert og sit der enno. Han skal avhøyrast i løpet av dagen, er beskjeden frå politiet.

Innbrot i bil

Sundag ettermiddag var det òg innbrot i ein bil som stod parkert utanfor Rema 1000 i Gymnasvegen. Før den mistenkte drog frå staden, øydela han overvakingskameraet som var montert på butikken.

- Vi har bilete av gjerningspersonen utan at vi veit kven han er på noverande tidspunkt. Vi arbeider vidare med saka, opplyser Hadler-Olsen.

Politioverbetjenten fortel vidare at det ikkje har vore så mange operative saker i løpet av helga, men at politiet har brukt tid på etterforskingsarbeid.

- Vi har mellom anna oppsøkt personar som skal pågripast i ulike saker, fortel Hadler-Olsen.