Pågripen for vald

Ein mann i 20-åra er pågripen for ein valdsepisode fredag ettermiddag.

Mannen i 20-åra vart pågripen fredag ettermiddag. Han sit framleis i fengsla forvaring og skal avhøyrast utover laurdagen.

– Mannen vart pågripen etter å ha påført ein mann i 40 åra lettare skadar tidlegare på dagen fredag. Grunna etterforskinga kan me ikkje gå ut med meir konkrete opplysningar enn dette, seier Christine Grindstein ved Os lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kan du seia noko om kvar episoden inntreffte?

– Ikkje meir konkret enn at det var på ein adresse i nærleiken av Os.

Politiet etterforskar no saka.