Hjort: Det er observert hjort utanfor Skogafjelltunellen fleire gonger dei siste vekene.

Påkøyrd hjort halta ut av Skogafjellstunellen. Føraren skal ha køyrt vidare.

Politiet har varsla Ettersøksringen i Os.

Fredag morgon litt etter klokka 6 fekk politiet i Os melding om ein påkøyrd hjort som halta ut av Skogafjelltunnellen.

— Eg trur dette er den fyrste meldinga om hjort i i den nye tunnelen på Bjørnafjorden-sida, seier politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fryktar ulukker: — Eg ser hjort på vegen ved tunnelen kvar morgon
Les også
– Medan rovdyr tek ut dei svakaste dyra på ein måte som betrar stamma, er menneske ofte på jakt etter trofé

Meldaren skal ha sett at ein bil køyrde på hjorten, men denne skal berre ha køyrt vidare i retning Bergen.

Ettersøksringen er varsla og fylgjer opp saka opp vidare.