Store skader: Politiet vart tilkalla ettersom den påkøyrde bilen fekk store skader.

Politiet tilkalla: Store materielle skader etter påkøyrsel bakfrå

Ein bilist skal ha fått ein annan bil i hekken.

Klokka 17.45 tysdag fekk politiet melding om eit trafikkuhell ved Amfi Os.

Ei kvinne i 20-åra fortalde at bilen hennar var blitt påkøyrd bakfrå av ein annan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var ingen personskader, men store materielle skader.

Politiet opplyser at det ikkje er mistanke om rus, men at det er oppretta sak.