På løparhjul: Påkøyrselen som fann stad i Hatvikvegen i ettermiddagen skal ha vore mellom ein bil og ei jente på løparhjul.

Sendt til Haukeland etter påkøyrsel

Naudetatane rykte ut til ulukke i Hatvikvegen.

Trafikken stod i begge retningar i Hatvikvegen på grunn av påkøyrsel i eit fotgjengarfelt.

Hendinga fann stad like ved innkøyringa til Finnebrekka i 13.30-tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Personen som vart påkøyrd skal vera ei jente på 16 år som var på veg heim frå skulen. Ho er vaken og bevisst, får Os & Fusaposten opplyst frå faren til 16-åringen på ulukkesstaden.

– Ho har det etter forholda bra, men er godt forslått og sjokka. Ho vert sendt til Haukeland med hjernerystelse. Det var ein solid smell, men det kunne gått langt verre, slår han fast.

Vegen skal no vera open att.

Det skal vera gjort mellombels beslag av førarkortet til føraren av bilen.

– Barnet skal ha vore bevisstlaus ein kort periode. Det er ei eldre kvinne som har fått førarkortet beslaglagt, seier operasjonsleiar Tore-André Brakstad i politiet til BT.