Vaksinering: Folk vil få påminning framover, men vaksineteamet i Bjørnafjorden kan ikkje garantera at dei får med seg alle som til ei kvar tid har nådd intervallet mellom dose to og tre.

Påminning vert sendt ut, men følg med sjølv

Det er framleis ein del som skulle hatt tredje dose som ikkje har bestilt time. No har vaksineteamet byrja å senda ut påminning.

7.370 personar har til no fått tredje dose med koronavaksine i Bjørnafjorden kommune. Framleis er det ein del som ikkje har teke affære.

— Det at ein sjølv må bestilla time, har gjort at me har ein del som ikkje har fått når dei skulle. Tysdag byrja me å senda ut påminningar. Då sende me til 500, stort sett eldre personar i kommunen, seier vaksinekoordinator Nina Oen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho legg til at dei ikkje har full oversikt, og at folk må følgja med også.

— Blant dei me sende ut til tysdag, er det fleire som har fått hos fastlegen sin. Det har ikkje me oversikt over. Me har berre «notert» dei som har fått dosar gjennom massevaksineringa her i Oshallen eller i Fjord`n senter i Eikelandsosen. I tillegg er det folk som har hatt korona og som difor må venta. Dei har me heller ikkje registrert i vårt system, seier Oen.

1.000 nye påminningar

I desse dagar er det stort sett aldersgruppa 45 til 60 år som er aktuelle for dose tre.

— Totalt har 70,4 prosent av innbyggjarane i kommunen no fått dose to. No handlar det om å få opp talet på dei som skal få dose tre. Neste veke sender me ut 1.000 nye påminningar til folk som har venta lenge nok sidan dose to. Men, me presiserer; folk må følgja med sjølve. Dei kan ikkje utelukkande venta på påminning, seier ho.

— Vil de uansett halda fram med å senda påminningar framover?

— Ja, det vil me. Me vil ta aldersgruppene i tur og orden, slår Oen fast.

— Korleis er det med første-dose-pågangen nett no?

— Det er litt det same som tidlegare. Me får stadig kring 50 personar i veka som kjem innom for sin første dose. Me er veldig glade for at dei som av ulike grunnar har vald å venta, no tek affære, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.