To personar i 70-åra: Paret vart tekne med til legevakt i ambulanse.

Par i 70-åra sendt til legevakta. Politiet i kontakt med gut og jente under 18 år

Mistenkte sprang frå staden før politiet kom fram.

Klokka 14.01 fekk politiet melding om ei valdshending inne på Bybanen ved Skjoldskiftet. Dei mistenkte sprang frå staden før politiet kom fram.

BT skriv at to personar vart slått ned inne på Bybanen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit par i 70-åra vart tekne med til legevakt i ambulanse.

Klokka 15.30 melder politiet på X at dei no er i kontakt med to mindreårige, ein gut og ei jente, som vert knytte til hendinga.