I dag snakka ordførar Marie Lunde Bruarøy til Os Næringsråd. Ordføraren fortalte mellom anna om ideane til nytt p-hus, utbygginga i Os og at ho blir provosert når nokon snakkar ned Osøyro.
I dag snakka ordførar Marie Lunde Bruarøy til Os Næringsråd. Ordføraren fortalte mellom anna om ideane til nytt p-hus, utbygginga i Os og at ho blir provosert når nokon snakkar ned Osøyro.

Parkeringshus i fjellet bak Statoil?

Under årsseminaret til Os Næringsråd fredag, kunne ordførar Marie Lunde Bruarøy røpa at kommunen ser på høva for å laga parkeringshus i fjellet bak Statoil.

På forsommaren 2014 arrangerte Os kommune arkitektkonkurranse med tanke på parkeringshus i Os sentrum. Då var det tenkt å etablera parkeringshus på kollektivtreminalen. Ordføraren seier at ingen eigentleg var nøgde med nokre av innspela. Det blei for stort, men dei måtte berre velja eit. No har kommunen begynt å sjå på andre alternativ. Tidlegare denne månaden var parkeringsutvalet på rundreise på Sørlandet for å sjå på ulike parkeringsløysingar, der Lillesand, Arendal og Kristiansand alle har valt kvar si løysing. Det dei hadde fått til i Arendal, inspirerte stort.

- Dei må ha sette verdsrekord når det gjeld låg kostnad knytt til parkeringsplasser i fjell. Vi veit at dette er kostbart, men Arendal hadde fått det til med ein kostnad på 175.000 kroner per parkeringsplass. Andre ligg vel på ein halv million kroner, seier Bruarøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blir provosert

Ordføraren kunne fortelja at kommunen ser på høva for å få til ei tilsvarande løysing i sentrum.

- Vi er begynt å meisla ut korleis vi kan utforma parkeringsbygget som skal serva Osøyro. Vi ser på området kring Statoil-stasjonen (Circle K) og den gamle brannstasjonen, seier Bruarøy.

Ordføraren fortalte også næringslivet om den pågåande og komande utbygginga. Her kom ho naturleg vis innom arbeidet i sentrum.

I presentasjonen hadde ordføraren skrive Os + Fusa = sant.
I presentasjonen hadde ordføraren skrive Os + Fusa = sant.
Næringssjef i Os kommune, Daniel Skotheim var også ein av foredragshaldarane fredag, i tillegg til Linda Andersen og kreativitetsprofessor Erik Lerdahl.
Næringssjef i Os kommune, Daniel Skotheim var også ein av foredragshaldarane fredag, i tillegg til Linda Andersen og kreativitetsprofessor Erik Lerdahl.

- Eg opplever "ein ny vind" i Os no. Det har kome nokre nye verksemder, og sentrum begynner verkeleg å sjå bra ut, synest de ikkje, spør Bruarøy og legg til at ho blir provosert når nokon snakkar ned sentrum.

- Det var vel Espen Aspenes (Frp) som sa i kommunestyret at Osøyro er dødt. Det gjorde meg provosert. Eg har jobba lenge i sentrum, og eg kan seia at Osøyro ikkje er dødt. Det gjeld å vera positive og snakka opp sentrum. Så blir det bra, seier Bruarøy.

- Eg er her for dykk

Sjølvsagt nemnde også ordføraren at Os snart skal bli eitt med Fusa. På presentasjonen hadde ho skrive Os + Fusa = sant med raude bokstavar og eit hjarta til slutt.

- Den 01.01.2020 blir vi ein stor kommune i utstrekning, men vi blir ikkje så veldig mange fleire innbyggjarar. Det er ein krevjande prosess framover. Det er ulike kulturar i Os og Fusa. Desse må vi få smelta saman. Sjølv om vi osingar kanskje liker å tenkja at vi er best på det meste i forhold til fusingane, så er det faktisk fleire ting fusingane er betre på. Fusa er eit hestehovud framfor oss når det gjelder næringsliv, seier Bruarøy.

Det meiner ordføraren kjem av at Os gjerne ikkje har prioritert næringslivet høgt nok over lengre tid. Difor synest ho det er ekstra kjekt å kunna sitja saman med Os Næringsråd, og at rådet i det heile er etablert.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det kom eit politisk push på at næringslivet måtte samla seg. Det er enorme ressursar i bedriftene i Os. Vi er faktisk på 56. plass i landet i forhold til næringsetablering. Det er bra, seier ordføraren, som heilt til sist minna om at døra hennar alltid er open.

- Eg er på tilbodssida når det gjelder kontakt. Eg er interessert i tilbakemeldingar og kan koma med innspel. Det er berre til å stikka innom for ein uoffisiell prat. Eg er her for dykk, seier ordføraren.