Laserkontroll og utrykking: Politiet orienterer om onsdagens hendingar.

Patruljen rykte ut då uønskt elev dukka opp på skulen

Hendinga fann stad onsdag.

Kring klokka 12.30 onsdag ettermiddag rykte politiet ut til ein skule på Os-sida av Bjørnafjorden kommune.

— Der var det ein elev, som var uønskt på skulens område, som hadde dukka opp, skriv politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post til avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Patruljen skal ha snakka med eleven, som fekk eit bortvisingsvedtak.

— Det etterkom eleven, skriv Lyssand.

Fjerna mann frå adresse

Kort tid etter besøket på skulen, reiste patruljen til ei adresse i Byvegen.

— Patruljen hjelpte til med å få ein person ut av eit hus der mannen ikkje lenger var velkomen. Dette gjekk føre seg utan problem, skriv Lyssand.

Laserkontroll

Onsdag hadde politiet nok ein laserkontroll på Halhjemsvegen. Resultatet blei 16 forenkla førelegg etter kontrollen i 80-sona. Høgaste fart målt skal ha vore 111 km/t. Lyssand opplyser at det ikkje var utslag på promille i denne kontrollen.