Naudetatar på veg: Naudetatar er på veg til Lønnevågvegen. Foto: Arkiv

Person fastklemd under ATV

Politiet fekk vel kl 18.30 i kveld melding om ei ulukke med ATV i Lønnevågvegen.

Ein firhjuling skal ha velta og ein person var fastklemd under køyretøyet. Personen vart frigjort, og det er meldt om at vedkomande var skadd i ein fot. Han skal ha vore vaken og snakka etter ulukka.

Naudetatar er på veg til staden.

Oppdatert 19.01: - Person er overlatt til helse, melder 110 Hordaland.