Pipebrann: Det skal ha oppstått pipebrann i Hegglandsdalsvegen fredag. Det melde brannvesenet på Twitter.

Pipebrann: – Det ser ut til å ha gått bra denne gongen

Naudetatane rykte ut fredag kveld.

Fredag kveld klokka 18.01 melde 110 Vest om kraftig røykutvikling frå eit tak. Naudetatane rykte ut til Hegglandsdalsvegen, og det blei meld om at årsaka kunne vera pipebrann.

Kort tid seinare, kom det oppdatering om at det var snakk om ein pipebrann. Det er ikkje meld om personskade.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innsatsleiar ved Bjørnafjorden brann og redning, Stian Kvam, fortel at dei har god kontroll på staden.

— Det er snakk om ein pipebrann. Vi skal feia gjennom pipa no, seier Kvam.

Han legg til at det ser ut til å ha gått bra denne gongen.

— Slik stoda er no, kan ikkje vi sjå sekundærskadar på huset.

Vidare fortel Kvam at det no er sesong for pipebrann.

— Eg vil råda publikum til å fyra rett. Det er lagt ut retningsliner for dette på kommunen si heimeside. Om ein mistenkjer pipebrann, må ein sjølvsagt melda frå. Teikn på dette, er kraftig røykutvikling, glød og flammar frå pipa, eller rumling frå pipa.