Plan for sentralidrettsanlegget vedteke

Med dagens vedtak er osbygda eitt steg nærare nye 3.000 kvadratmeter med idrettshall på Kuventræ.

Områdereguleringa som i dag vart samrøystes vedteke i plan- og bygningsutvalet vil gje ei dobling av hallkapasiteten ved sentralidrettsanlegget. Den 13 meter høge nyehallen skal byggjast i lag med Osbadet og den noverande Oshallen til éin bygningskropp. Planen omfattar også parkering i underetasjen på den nye hallen, og utanom det åtte nye parkeringsplassar.

Vil ikkje ha ekspropriasjon

I det politiske systemet har planen gått fleire rundar. Moglege konfliktar mellom offentlege interesser og naboar har ført til ein del ulike innspel, og politiske drakampar. I siste runden har særleg spørsmålet om ekspropriasjon vore eit tema.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dagens møte i plan- og bygningsutvalet tok Kristin Søfteland-Larsson (H) til orde for at kommunen ikkje skal ta i bruk ekspropriasjon når arbeidet med å utvida gang- og sykkelstien skrir fram.

- Frå politisk side er det ikkje eit ønske med ekspropriasjon, sa Søfteland-Larsson.

Kommunalsjef Aina Tjosås sa at ein uansett ikkje vil kunna gå vidare med arbeid dersom ein ikkje kjem til semje med naboar. Å nå fram til minnelege løysingar vil dermed vera alfa og omega. Vidare sa ho at kommunen er i dialog om erstatning til Olav Botnevik som står i fare for å mista noko landbruksareal som følgje av omlegging av Idrettsvegen.

Vedtak

Etter administrasjonen og politikarane hadde klarert dette, vart framlegget til områderegulering med tilhøyrande føresegner vedteke i PBU. Kommunestyret skal gjera endeleg vedtak, truleg i neste møte.