Mathilde, Celine og Isabella plukkar boss langs vegen.
Mathilde, Celine og Isabella plukkar boss langs vegen.

Plukka boss medan dei gjekk Ulvenmarsjen

Mathilde (11), Celine (10) og Isabella (10) plukka boss langs vegen samtidig som dei gjekk Ulvenmarsjen.

For dei tre jentene var det ikkje om å gjera å koma først i mål. Dei ville at det skulle sjå fint ut langs løypa i tillegg.

I år vart ulvenmarsjen arrangert for 41. gong. Den starta ved Os barneskule sin gymsal. Sjølv med bitande vind og litt regn var oppmøtet bra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein annan familie som var med på turen for andre året på rad var familien Michelsen.

- Me var med i fjor for første gong saman med ein annan familie, og fann ut at me vil gjera det til ein fast, årleg tradisjon, seier mor Karianne Michelsen.

Dei fleste turgåarande starta rundt kl. 14 laurdag, og fekk for det meste fint turvêr.

Det er viktig med påfyll før turen startar.
Det er viktig med påfyll før turen startar.
Hedda (5), Malene (10) og Kai Mjånes gjekk også Ulvenmarsjen. Dette var Hedda sin første gong og Malene sin andre.
Hedda (5), Malene (10) og Kai Mjånes gjekk også Ulvenmarsjen. Dette var Hedda sin første gong og Malene sin andre.
Elise (7) og Alva (8) var med på å sortera premiane.
Elise (7) og Alva (8) var med på å sortera premiane.
Ulike medaljer og pokalar blei delt ut etter Ulvenmarsjen.
Ulike medaljer og pokalar blei delt ut etter Ulvenmarsjen.
Marius Eriksen, Serina Michelsen, Maya Oma Haugland, Simba, Malena Michelsen og Karianne Michelsen.
Marius Eriksen, Serina Michelsen, Maya Oma Haugland, Simba, Malena Michelsen og Karianne Michelsen.
Desse to er også på veg til Ulvenmarsjen.
Desse to er også på veg til Ulvenmarsjen.
Erik Tysse og familien er med og går.
Erik Tysse og familien er med og går.
Nora og Mari Wiik Søreide deler ut saft og appelsiner.
Nora og Mari Wiik Søreide deler ut saft og appelsiner.

På Nore Neset stod Nora Wiik Søreide og Mari Wiik Søreide og delte ut saft og appelsinbåtar til dei som var komne halvvegs i den 13,8 km lange løypa.

I gymsalen vanka det medaljar og pokalar, blant anna til dei som hadde vore med 30 år på rad.

post@osogfusa.no