Framme: Brannvesen og politi er framme på staden.

Politi og brann rykte ut til skule etter melding om mindre brann

Brannvesen og politi var framme på staden like over kl 11.30.

Politiet fekk måndag føremiddag melding om 'mindre brann' på Os ungdomsskule.

Brannvesen og politi var framme på staden like over kl 11.30.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Elevar og tilsette er evakuerte ut. Brannen skal vera sløkt, opplyste politiet då.

Les også
Etter fleire alarmar tok varabrannsjefen ein alvorsprat med elevane

Ifølgje varabrannsjef Erik Walden er det tent på noko papir. Røyken og varmen har i sin tur utløyst sprinklaranlegget.

Tilløpet skal ha skjedd i søndre fløy av bygget, ikkje i eit klasserom, men i fellesrom i gangen.

– Det er mykje vatn på golvet som dei driv og sug opp no, og litt svimerke, fortalde Walden i føremiddag.

Det ville gå i alle fall ein halv time før oppryddinga var gjort, anslo varabrannsjefen.

Atle Birkeland i politiet opplyste at dei hadde dokumentert på staden og teke bilete. Dei skulle også prata med leiinga og lærarar og høyra om dei har nokon mistenkte.

Walden nytta høvet til å påpeika alvoret i ei slik hending, som gjer at det må nyttast ressursar frå både politi og brannvesen, som då ikkje er parat om det skulle oppstå noko meir alvorleg ein annan stad i kommunen.