Rykte ut: Både brannvesen og politi rykte ut til ein mogleg brann i Hesthaugen laurdag kveld.

Politi og brannvesen rykte ut til mogleg brann i Hesthaugen

Ifølgje meldinga på Twitter var det observert røyk frå ein firemannsbustad.

Klokka 20.49 meldte 110 Vest på Twitter at brannvesenet i Os rykker ut for å sjekka om det brenn i ein bustad i Hesthaugen.

– Det er meldt om litt røyk. Usikkert kvifor, gjekk meldinga ut på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kort tid etter følgde Vest politidistrikt opp med melding om at politi og brannvesen er på veg til staden.

– Melding om mogleg brann frå leilegheit i firemannsbustad. Berre observert røyk, skreiv politiet.

Ingen brann

Det gjekk ikkje lang tid før brannvesenet kunne konstatera at det ikkje var snakk om brann i bustaden.

– Ingen brann, mogleg røyknedslag frå pipe og ut av ildstad då omnsdøra stod open. Kontroll på staden, er meldinga frå brannvesenet.