Bekymra: Det har vore fleire meldingar om mistenksam filming denne veka.

Politiet ber folk vera obs på mistenksam filming

Etter to bekymringsmeldingar om personar som går rundt og filmar, har politiet vore ute og patruljert områda. Dei ber folk melda frå om dei ser mistenksam åtferd.

I går kl 11.57 fekk politiet ei bekymringsmelding frå Hegglandsdalen der innringjar reagerte på ein person som gjekk og filma langs ein sykkel- og gangsti. Han gjekk i retning Os og skal ha filma inn i hagar til folk.

Då innringjar hadde spurt vedkomande kva han heldt på med, hadde han trekt på skuldrene som om han ikkje forstod. Politiet var på staden 12.08, men mannen var då borte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er mistenksam åtferd. Me veit ikkje om han filma fordi han var ute etter verdisaker, eller om han berre likte staden, men me oppfordrar folk å ta kontakt med politiet om dei ser liknande åtferd, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Mannen skal ha vore i 30-åra, kortklipt og iført grå klede med sekk på ryggen.

Dette er andre bekymringsmeldinga om mistenksam filming. Den fyrste kom nokre dagar før der nokon skal ha filma på Hjelle.

Køyrde i 97 km/t

I går tidleg hadde politiet fartskontroll på Halhjemsvegen i 70-sona. Det resulterte i 10 forenkla førelegg, der den høgaste hastigheita var 97km/t. Dei hadde fartsmåling begge vegar.

Den siste månaden har politiet fått melding om fleire tilfelle av hærverk på ulike barneskular. Det har vore observert ungdomar i områda, og politiet mistenker at det er ungdom som står bak, men har ikkje pågripe nokon enno.

– Politiet følgjer opp og patruljerer, seier Lyssand.

Politiet har også våre i kontakt med kommunen og samarbeider med dei.