Politiet opplever å bli trua med koronasmitte i arbeidet sitt.

Politiet blir trua med koronasmitte

Fleire politidistrikt melder om at politifolk blir trua med koronasmitte. Politiet i Bergen køyrer no rundt med smittevernutstyr i bilane.

Vest politidistrikt opplever at enkelte personar seier dei er koronasmitta og framstiller dette som ein trussel mot politiet, når politiet ønskjer kontakt med dei.

Det seier stabssjef Kjetil Øyri til Bergens Tidende. Han legg til at dette oftast har med psykiatri og rus å gjere.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har ført til at vi har måtta ta på oss verneutstyr, men det har ikkje hindra oss i å gjere jobben vår. Men vi ser alvorleg på at folk bruker det som eit verkemiddel, seier Øyri.

Han fortel at dei no køyrer rundt med smittevernutstyr i bilane for å unngå at politiarbeidet blir hindra av truslar.

Også politiet i Trondheim og Troms har opplevd episodar der folk har trua politiet med koronavirus. Ifølgje Adresseavisen har Trøndelag politidistrikt hatt ei handfull oppdrag der folk har prøvd å unndra seg politiet ved å seie seg koronasmitta, medan NRK melder at også Troms politidistrikt har opplevd å bli trua med smitte under arrestasjon.