Festing: Det skal ha vore tre ulike samlingar ved Knutabruo laurdag kveld.

Politiet braut opp fest ved Knutabruo: — Det var ei større gruppe mindreårige

Turgåarar melde frå at mindreårige festa ved Knutabruo.

Då politiet kom til staden kring klokka halv ti laurdag kveld, viste det seg å vera tre ulike samlingar der. Politiet braut opp ein fest der det var mindreårige som drakk alkohol.

— Nett kor mange dei var, er usikkert, då det ser ut til at fleire stakk av då politiet kom. Det var i alle fall ei større samling av ungdom under 18 år. Føresette til ein av dei blei kontakta, då vedkomande var overstadig berusa. Det var nok ei form for bursdagsfeiring utandørs, sikkert i beste meining. Føresette til “arrangøren” blei også kontakta, fortel politibetjent Morten Haugland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skal ha roa seg relativt raskt. Politiet gjer ikkje meir med saka no, då ungdomen skulle ta ansvar og rydda opp etter seg på staden.