Funnen langs elva: Dei fem ungdomane blei funnen langs elva.

Politiet ferska hasjrøykjande ungdom heilt ned i 13-årsalderen: — Svært bekymringsfullt

Fem ungdom i alderen 13-17 år blei torsdag tekne med inn på lensmannskontoret.

Torsdag ettermiddag køyrde politiet til Oselva. Ein stad langs elva, kom dei over fem ungdomar. Det blei gjort funn av brukarutstyr rett ved dei.

— Dei blei tekne med inn på kontoret. Der blei det påvist bruk på dei fleste. Dette var ungdom frå 13 til 17 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Kva tenkjer politiet om dette?

— Det er svært bekymringsfullt. Ikkje bra i det heile. Vi har alt avgjort at vi skal ha fokus på ungdom og samlingar denne hausten og fram mot vinteren. Vi har sett at når det samlast mykje ungdom, er det fort at det kan oppstå straffbare ting. Dette er noko som også stel ressursar frå oss i ettertid. Det kan også oppstå andre uønskte situasjonar som ikkje nødvendigvis er straffbare, fortel politioverbetjent, Atle Birkeland ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Politiet skal vera synlege der ungdom er, og dei kjem til å slå ned på straffbare forhold.

— Vi er ikkje ute etter å ta ungdomen. Vi vil rettleia og førebyggja. Vi ønskjer å ha dei på eit godt og trygt spor, og vi ønskjer eit godt samarbeid med dei. Når det er sagt, så kjem vi til å slå ned på straffbare forhold.

— Korleis kom de over ungdomen langs elva i går?

— Vi har fått tips tidlegare om dette, og det var nok tips som førte oss dit denne gongen. Foreldre er varsla og ungdomane vil bli følgt opp i det førebyggjande sporet. Dei eldste må også kunna pårekna konsekvensar i form av straff.