Ikkje alle synest det er kjekt å møta ein framand hund når ein er ute på tur.
Ikkje alle synest det er kjekt å møta ein framand hund når ein er ute på tur.

Politiet har involvert Mattilsynet i hundesak

Naboar er uroa for at dei gjøande hundane ikkje har det godt. Mattilsynet er på saka etter at eigaren somla med å gje ein skadd hund tilsyn.

Som «Os og Fusaposten» har skrive om før, er det ein bestemt hundeeigar i Os som har hamna i konflikt med naboane over dyrehaldet. Anne Lyssand ved Os lensmannskontor fortel at dei fekk meldingar to gonger i går pga. den same situasjonen.

- Ein av hundane trengte veterinærtilsyn då han halta. Når eigaren då ikkje følgde opp, måtte Mattilsynet koma på synfaring. Dei har mynde i slike saker og kan gje reaksjonar overfor mannen, seier Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter kvart har hunden hamna hjå veterinær. Men seinare same dag vart politiet kontakta på ny, då hundane hadde bjeffa i lang tid att.

- Då politiet kom på staden var det ikkje folk der, og det var korkje vatn eller mat i skålene. Eigaren kom og sa at han skulle ta hundane inn, seier Lyssand.

Ho legg til at dette har utvikla seg til ei nabokonflikt. Naboane har ein versjon av saka, medan eigaren har ei anna.

- Politiet får ikkje noko hyggeleg velkomst når me tek kontakt, seier Lyssand. Saka blir altså fulgt opp både av politiet og Mattilsynet.

Bråk og attgløymt scooter

På føremiddagen måndag utvikla det seg amper stemning mellom tre personar i sentrum. Politiet måtte til og roa gemyttane.

På Søre Neset hadde nokre ungdommar fest seint natt til tysdag, og naboar klaga over høg musikk klokka 1.26. Politiet fann det ikkje naudsynt å iverksetja tiltak.

Ein attgløymt skooter i Os fører til gjentekne meldingar til politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein mann har late ein hund vera inne i ein varm bilen medan han sjølv handla. Det var glytt på vindauga, men ifølgje forbipasserande peste hunden veldig.

- Eg er veldig glad for at folk tek kontakt når slikt skjer. Me rykte ut, og etter 20 minutt kom mannen tilbake, seier Anne Lyssand.

Elles har politiet funne ein raud og blå sykkel. Eigaren kan kontakta lensmannskontoret.