Utfor: Ein bil skal i helga ha hamna utfor vegen i Langedalen.

Politiet kom over bil som hadde hamna i grøfta

— Vi oppmodar sjølvsagt om å ta kontakt med oss om nokon har vore utsett for eit uhell eller trafikkulukker.

Det skriv politioverbetjent Atle Birkeland i ein e-post.

Det var laurdag klokka 00.15 at politiet kom over ein bil i grøfta i Langedalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det viste seg at det som skal vera bilførar, hadde ordna med “berging” privat. Ein gravemaskin skal ha blitt nytta for å få bilen opp frå grøfta.

— Førar opplyste å ha fått hjula utanfor vegkanten på den smale vegen og dermed hamna i grøfta. Det er ikkje meld om personskade.

— Vi oppmodar sjølvsagt om å ta kontakt med oss om nokon har vore utsett for eit uhell eller trafikkulukker, skriv Birkeland.