Politiet ønskjer å høyra frå vitne til to ulike hendingar
Det vert meld om både tjuveri og tagging.
I 22.30-tida parkerte ein ungdom motorsykkelen sin utanfor Extra i Os sentrum og gjekk inn for å handla. Han skal ha plassert hjelmen på sykkelen og då han kom ut igjen etter kort tid, var hjelmen borte. Det opplyser politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon i ein e-post.
— Saka vil bli meld. Om det var vitne til denne hendinga, så ønskjer politiet kontakt, skriv Lyssand.
Artikkelen held fram under annonsen.
Måndag i 9-tida fekk politiet melding frå ein mann i 50-åra, som held til på Søfteland.
— Han hadde oppdaga at nokon hadde tagga på garasjen. Det er mogleg at saka blir meld. Vitne til dette, blir bedne om å melda seg, skriv Lyssand.
Førarkortbeslag
Politiet stoppa eit køyretøy ved Storestraumen måndag ettermiddag litt før halv to.
– Det er mistanke om køyring i påverka tilstand. Føraren, ein mann i 20-åra, samtykka til førarkortbeslag og blei teken med til legevakta for blodprøve. Sak er oppretta, skriv Lyssand.
Politiet gjennomførte laserkontroll i 70-sona på Halhjemsvegen måndag. Det resulterte i ti forenkla førelegg grunna for høg fart. Ingen promille, opplyser Lyssand.