Sigurdsvika: Politipatruljen fekk melding om at mindreårige deltok på russefest.

Politiet sende mindreårige heim frå russefest

Og UP er tilbake på Halhjemsvegen.

Rundt midnatt fredag fekk politiet melding om fleire mindreårige som oppheldt seg saman med lokal russ i Sigurdsvika.

Patruljen køyrde til staden og sende desse heim, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjennom helga har det også kome inn meldingar om høg musikk frå russebussar i distriktet.

UP

Søndag føremiddag var UP tilbake på Halhjemsvegen med lasaren sin.

Resultatet vart 11 førelegg der høgste fart var 93 km/t i 70-sona.

Det betyr at føraren må ut med 9.550 kroner.