Beslag: Det blei gjort eit førarkortbeslag etter at ei kvinne i 20-åra køyrde i fjellveggen på Lepsøyvegen i helga.

Politiet tok førarkortet til kvinna som køyrde i fjellveggen

— Det er oppretta sak og gjort førarkortbeslag, fortel politioverbetjent, Christine Grindstein.

Laurdag kveld køyrde ei kvinne i 20-åra i fjellveggen på Lepsøyvegen. Ho skal ha vore oppegåande og klar då politiet kom til staden, og stått fram som uskadd. Politioverbetjent ved Bjørnafjorden lensmannskontor, Christine Grindstein, fortel at det er gjort førarkortbeslag.

Les også
– Bil har køyrd i fjellvegg

— Kvifor har ein tatt førarkortet hennar?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det blir vist til vegtrafikklova §3. Det er i tillegg tatt blodprøve av kvinna, fortel Grindstein.

Vegtrafikklova § 3 seier at ein skal ferdast aktsam og varsamt slik at det ikkje kan oppstå fare, skada andre, eller vera til hinder.