Politikarane fekk sjå den nye bygda

Politikarar og administrasjon let seg imponera over dimensjonane då dei fekk siste nytt om Lyseparken og motorvegen - ute i terrenget.

Både administrativ og politisk toppleiing var i dag med til Endelausmarka under kyndig guiding frå Arne Eltvik i Statens Vegvesen. Han fortalte om dei 200 arbeidarane fordelte på to skift som jobbar med tunelldriving, drenering, køyring av massar og så vidare. Eit inntrykk av dimensjonane fekk ein av dei doble tunelløpa både til Skogafjellstunellen og Lysehornstunellen som er synlege frå riggområdet. Tempoet er dessutan skrudd noko opp i haust på tunellsida.

Møte om augestikkaren denne veka

Politikarane fekk statusrapport frå møtet Os kommune hadde med Fylkesmannen om den sjeldne augestikkaren som er funnen i området - somviser seg å ikkje vera så sjeldan likevel.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har hatt møte med Fylkesmannen om me kan få frigjort noko av vernesona til augestikkaren Stor Torvlibelle denne veka, og tilbakemeldinga var at dei er villige til å gå inn i ein prosess for å sjå på det, sa Søviknes.

Den rike våtmarka vil ein uansett ikkje få røra, men det er også ei buffersone rundt som kommunen vonar enten kan opnast for næring eller for rekreasjonsareal.

Ukjent territorium fram i lyset

Det er snakk om den største kontrakten Vegvesenet nokon gong har inngått med ein privat firma - Veidekke -, og dei som var til stades let seg imponera over dimensjonane i det som vil bli ei heilt ny bygd i kommunen.

- Det er rart å tenkja på at ein så stor del av kommunen, har vore heilt utilgjengeleg for folk flest, sa kommunalsjef Aina Tjosås.

For næringssjef Daniel Skotheim sin del, var det første gongen i Endelausmarka.

- Det var større enn eg hadde førestilt meg. Det er heilt fascinerande å sjå korleis det blir skapt noko nytt ut av det som før berre var skog og myr, sa Skotheim.

Ei viktig avklaring

Seinare i haust kjem det sak til politisk behandling som vil gje nokre avklaringar for retninga vidare for Lyseparken.

- Heilt avklarande på alle område blir nok ikkje det vedtaket heller, det er framleis mykje som må avklarast, sa Terje Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den kanskje største avgjerda er kor lenge kommunen sjølv skal sitja i førarsetet for utviklinga, og kva tid ein skal la private ta seg av vegen vidare.

Helge Steinum og Tone Hepsøe i Arbeidarpartiet peikte på at ein må ta vare på nokre av naturkvalitetane i området dersom ein skal tenkja bustader i området.

- Det er eit veldig fint område, og kort avstand til naturen. Det må me prøva å ta vare på, sa Steinum.

I randsona til området er det fleire store bustadprosjekt, men det har også vore eit diskusjonstema om ein skal plassera bustader saman med kompetansearbeidsplassane.

Gamle synder fram i dagen

Politikarane var også ved Ulvenparken/Svegatjørn og såg på framdrifta her. Her kunne Arne Eltvik fortelja at dei hadde møtt på ei utfordring knytt til gamalt søppel.

- Under masseutskiftinga kom me ned til den gamle søppelfyllinga som var her. Det var litt større omfang enn me hadde rekna med, sa Eltvik.

Dei hadde funne alt frå gamle dekk til vaskemaskiner og industriavfall, som berre vart dumpa i ein fylling på 60-talet.

- Fyllinga vart stengt i 1978. No har me vore i dialog med både Fylkesmannen og kommunen for å finna ei god løysing, sa Eltvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Løysinga - som ventar på godkjenning - går ut på at storparten av fyllinga blir liggjande, men dekka til slik at ein avrenning frå fyllinga blir omtrent ikkje-eksisterande.