Eit landsomfattande dataproblem gjer at det ikkje er rett fram for kundar å henta ut pakker frå posten.
Eit landsomfattande dataproblem gjer at det ikkje er rett fram for kundar å henta ut pakker frå posten.

Posten har dataproblem: Pakkane har starta å hopa seg opp

I tre dagar har Posten hatt dataproblem. Det skaper problem for dei som har post i butikk, som til dømes Coop Prix.

– Det går i nokre tilfelle å omgå systemet, men om kundane kjem med berre hentekode, kan vi ikkje hjelpa dei – om systemet er nede, fortel butikksjef i Coop Prix, Linda Veivåg.

Landsomfattande problem

Problema starta måndag. Då var systemet nede i om lag ein time. Tysdag var det større problem, og onsdag har systemet vore nede sidan klokka 07.00. I skrivande stund er det framleis ikkje funne ei løysing på problemet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette skal vera eit landsomfattande problem. Det er altså ikkje berre vi som er råka. Det er ikkje vår feil, seier Veivåg og smiler.

Dei gjer det dei kan for å hjelpa kundane å få ut pakkane, men dei er heilt avhengige av hyllelokasjon og kollinummer.

– I meldinga ein får om at pakken kan hentast, får ein med hyllelokasjon og kollinummer. Då kan vi leita fram pakken, og sno oss utanom systemet. Vi får per no ikkje gjort noko med berre hentekoden, seier Veivåg.

Kan bli eit plassproblem

Den travlaste post-tida av året har starta. Netthandelen er stor i forkant og på dagar som Black Friday og Cyber Monday. Julehandelen generelt er også i gang.

– Det er typisk at dette skjer i den travlaste tida. Førebels går det greitt med tanke på plass til pakkar, men det kan bli eit problem om feilen held fram, seier Veivåg.