Senterleiar Siri Ann Myhren Dalseidet ber kundane om å nominera sine favorittar.
Senterleiar Siri Ann Myhren Dalseidet ber kundane om å nominera sine favorittar.

Prisar eldsjelene: Lar deg bestemma kven som skal få 10.000 kroner

Nominasjonane haglar etter at Amfi Os bad kundane om tips.

I fjor delte Amfi Os ut 5.000 kroner i den såkalla Amfelia og Oskar-prisen. I år doblar dei summen.

Pengane skal gå til ein organisasjon som er med på og skapa gode opplevingar for born og unge. De har fått namn etter senterkjedas maskotar, Amfelia og Oskar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prisen vert delt ut laurdag 22. juni, og det er kundane som bestemmer kven som skal vinna, skriv senterleiar Siri Ann Myhren Dalseidet.

– Gode fritidstilbod gjev born ein aktiv og trygg kvardag, og det er mange eldsjeler i sving for å skapa desse tilboda. Amfi vil setja eldsjelene i sentrum når vi deler ut Amfelia og Oskar-prisen.

Stort engasjement

Hittil har det kome nesten 70 forslag Amfi Os Facebook-side: Jadakameratene, Skapingsdagane, Søre Neset Idrettslag og Barnas Røde Kors Os er nokre av forslaga.

Men Amfi Os vil gjerne ha endå fleire.

– Målet med prisen er å gjera stas på eit lag eller organisasjon som legg inn ein stor innsats for borna. Kandidatane kan vere tilbod som korps, idrett, fritidsklubb eller noko heilt anna; eldsjelene finst på alle arenaer, seier Dalseide.

Ho forklarar at juryen skal velja ut fem verdige kandidatar blant dei nominerte. Deretter kan publikum stemma fram sin favoritt av desse.

Prisen vert delt ut på senteret under Barnedagar-kampanjen laurdag 22. juni.

anne-marie@osogfusa.no