Julie Hafsgård Kremener, Agnes Bjarnedatter Vangsnes, Levi Færøy og Christine Ognøy Hamre har laga omsyningsvideo frå Nore Neset ungomsskule.
Julie Hafsgård Kremener, Agnes Bjarnedatter Vangsnes, Levi Færøy og Christine Ognøy Hamre har laga omsyningsvideo frå Nore Neset ungomsskule.

Produktive ungdommar i Os&FusaTV

Elevane på media valfag ved Os ungdomsskule er verkeleg i siget med å produsera innslag for Os&FusaTV.

Til no har dei produsert sju videoar. Tre av dei er alt lanserte, fire videoar vert no finpussa på og klipte i TV-rommet i Os og Fusaposten sine lokale.

Kjempemoro

Totalt 30 elevar frå valfaget media og informasjon er med på ungdomsredaksjonsprosjektet til herverande lokalavis. Gruppevis har fleire av dei alt fått prøva seg med kamera.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torsdag morgon var Viljar Hanstvedt, Frida Mathisen, Ingrid Øren og Andreas Nyhus innom klipperommet.

Med seg hadde dei råmaterialet til eit TV-innslag om fisking i Kuvågen.

- Har de trua på dette? Blir det bra?

Frida, Andreas, Ingrid og Viljar har laga film om fisking i Kuvågen.
Frida, Andreas, Ingrid og Viljar har laga film om fisking i Kuvågen.

- Ja, me hadde det i allefall kjempemoro då me filma. Forhåpentlegvis vert det moro å sjå på når det heile er ferdig, smiler kvartetten.

Svart/kvitt-dokumentar

Ikkje mange timane etter var neste gruppe innom lokalet med sine ferske opptak.

Julie Hafsgård Kremener, Agnes Bjarnedatter Vangsnes, Levi Færøy og Christine Ognøy Hamre hadde fått omvisning på Nore Neset ungdomsskule. Jentene hadde gått for ein kreativ og dogmatisk filmteknikk med handhalde kamera og svart/kvitt-film.

- Det er artig i sjå kva me får inn. Eg synest elevane har teke denne utfordringa på strak arm. Dei er flinke til å finna tema å laga reportasjar om, og dei synest slett ikkje å vera redde for å by på seg sjølv framfor kamera, seier redaktør Jostein Halland.

På sine premissar

Han synest det er kjekt å få bidra til at ungdom får laga TV-innslag på eigne premissar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har ein fin dialog med valfaglærar Ingvild Helle. Frå start av var me samde om at elevane skulle få styra det meste av dette sjølve. Sålangt har dei vist seg ansvaret verdig, konstaterer Halland.