Prost i Fana prosti, Kristin Litlere, kjem til Fusa for sitt første møte med kyrkjelyden.
Prost i Fana prosti, Kristin Litlere, kjem til Fusa for sitt første møte med kyrkjelyden.

Prostebesøk i Fusa kyrkje sundag

Fusa sokn høyrer no til Fana prosti. Den nye prosten, Kristin Litlere, kjem i helga til Fusa for sitt første møte med kyrkjelyden.

Det skjer ved gudstenesta i Fusa kyrkje sundag føremiddag. Ho deltek saman med sokneprest Einar Ekerhovd.

Under gudstenesta vert det også sundagsskule. Etterpå samlast vi i kyrkjelydsalen til kyrkjekaffi. Her vil vi også bli meir kjend med vår nye prost gjennom samtale, og vi vil ta opp tema som også gjeld tankar om prestetenesta i Fusa i framtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Under kyrkjekaffien kjem vi også til å orientere om ein del andre aktuelle emne som vi trur kan ha interesse for mange! Vi vonar mange fusingar finn vegen til Fusa kyrkje denne dagen.

Sundag ettermiddag er det gudsteneste i Sundvor kyrkje. Prosten vert ikkje med då, men det vert likevel ei litt spesiell gudsteneste då Sundvor kyrkje vert stengd frå måndag av og i ca to månader framover. Det skuldast at kyrkja skal ha ei innvendig opprusting. Dette ser vi fram til å få utført.

Når Sundvor kyrkje er pussa opp innvendig, er alle vår fem kyrkjer i bra stand innandørs!

Men på sundag er det først gudsteneste, og vi ønskjer folket velkomen til ettermiddagsgudsteneste.

Fusa sokneråd