EM-gull: Ragnhild Femsteinevik gjekk inn til EM-gull på kvinnesprinten i Arber i Tyskland fredag. Her er ho saman med Jenny Enodd etter sigeren i Osrblie i Slovakia for tre veker sidan.

Ragnhild Femsteinevik tok EM-gull på skiskyttarsprinten

Utøvaren frå Hålandsdal IL var feilfri på standplass og gjekk inn til siger på sprinten i skiskyttar-EM i Arber i Tyskland fredag.

Femsteinevik var nummer fem ut frå den liggjande skytinga. Etter den ståande skytinga var ho i tet.

Utøvaren frå Hålandsdal IL hadde berre 0,7 sekund til gode på den tyske veteranen Franziska Hildebrand, men vann til slutt med 3,7 sekund margin.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tyskaren Janina Hettich tok bronsen. Med éin strafferunde var ho 25,9 sekund bak.

Karoline Erdal frå Førde hang også bra med lenge, men med éin strafferunde på ståande enda ho eit stykke bak og vart til slutt nummer ti.

Dei øvrige norske utøvarane hamna på høvesvis 11., Marthe Kråkstad Johansen, 13., Jenny Enodd, 23., Maren Bakken og 34. plass, Juni Arnekleiv.

Les også
Fortent V-cup-tur på Ragnhild