Ras og stengde vegar på Vestlandet

Ifølgje varsom.no blir det venta framleis mykje regn måndag morgon. Høge temperaturar og mykje vind førar derfor til stor snøsmelting.

Fleire vegar er framleis stengde, og bygda Fresvik i Sogn og Fjordane er isolert etter det dårlege vêret på Vestlandet søndag og natt til måndag.

Fleire fylkesvegar og fjellovergangar vart stengde søndag på grunn uvêret. Måndag morgon er fleire opna, men nokre er framleis stengde.

Det gjeld mellom anna riksveg 13 over Vikafjellet, som vart stengt på grunn av uvêr og flaum søndag. Ny vurdering blir gjort klokka ni måndag morgon. Også fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal er stengt, også her skal det gjerast ei ny vurdering klokka ni.

Artikkelen held fram under annonsen.

Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er opna, men det kan bli innført kolonnekøyring på kort varsel. Det same gjeld riksveg 7 over Hardangervidda.

Vegtrafikksentralen åtvarar mot svært glatte veg på fleire av fjellovergangane og oppmodar større køyretøy til å bruke kjetting.

Det er ikkje meldt om alvorlege ulykker med personskadar, men riksveg 7 over Hardangervidda var stengd ein periode etter ei bilulykke, for deretter å opne igjen ved tretida natt til måndag.

Stor fare for snøskred

NVE skreiv før helga ut eit oransje farevarsel for jordskred i både Hordaland, Sogn og Fjordane og delar av Møre og Romsdal. Jordskredvarselet blir halde oppe på same nivå måndag, og i tillegg er snøskredvarselet for Indre Fjordane, Voss og Hardanger no på raudt nivå.

Ifølgje varsom.no blir det venta framleis mykje regn måndag morgon. Høge temperaturar og mykje vind førar derfor til stor snøsmelting.

I tillegg er det utskrive varsel om flaum, jord-, sørpe- og flaumskredfare på gult nivå for delar av Trøndelag, Nordland og Sør-Troms.

200 isolerte i Fresvik

Fylkesveg 5602 mellom Fresvik og Feios i Vik kommune vart stengd søndag på grunn av steinras og fare for ras. Det same gjeld fylkesveg 5600 mellom Arnafjord og Vikøyri. Ingen vart skadde i rasa.

Det skal gjerast ei ny vurdering om vegane kan opne klokka 12 måndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rundt 200 innbyggarar er framleis isolerte som følgje av raset. Mange er òg utan straum, og det er usikkert når han kjem tilbake.

Mannskap frå Sognekraft kunne ikkje gå inn i rasområdet søndag kveld, og ei ny vurdering og forsøk på å finne feilen skal derfor gjerast måndag morgon.

(©NPK)