Blei taua inn: Saunaen ved Steinneset blei taua inn av brannvesenet etter å ha slite seg. No pågår det ytterlegare sikring av saunaen.

Redda sauna på rek

Brannvesenet rykte ut og fekk taua inn saunaen som hadde slite seg.

Torsdag kom det inn melding til brannvesenet om at saunaen som ligg ved Steinneset hadde behov for assistanse.

— Eg var ikkje der sjølv, men det blei send ut eit par frå oss for å hanka inn att saunaen, fortel Arne Rødberg i Bjørnafjorden brann og redning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skal ha vist seg at fortøyinga hadde slite seg.

— Vi fekk hanka saunaen inn med tau. Det gjekk bra, men det kunne ha blitt dramatisk, seier Rødberg.

Brannvesenet har fått saunaen på plass att. Rødberg opplyser at eit firma er på veg for å sikra han ytterlegare.

Det var nyttios som første omtalte hendinga.

OPPDATERT:

Saunaen vert drifta av Os Turn. Dagleg leiar Marita Haugland fortel at det har kome mange meldingar etter oppslag om sauna på rek. Det skal vera mange som spør om alt er i orden med saunaen og om det er råd å bruka han som planlagt.

— Alt er i orden, og bestillingane gjeld. Saunaen ligg trygt forankra med fleire lodd, og kan ikkje fyka på fjorden, forsikrar ho.