Presenterte: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum presenterte regjeringsforslaget til grunnrenteskatt for havbruk (lakseskatten) tysdag.

Regjeringa foreslår lakseskatt på 35 prosent. Skuffar både til venstre og høgre

Regjeringa foreslår ein grunnrenteskatt på norsk havbruk på 35 prosent. Det er lågare enn høyringsforslaget på 40 prosent.

– Sjølv om grunnmodellen ligg fast, har vi lytta til innspel frå høyringsrunden. Vi har særleg lagt vekt på at ordninga skal sikra framleis vekst, samtidig som ein del av grunnrenta i havbruksnæringa skal gå til fellesskapet, sa Støre på ein pressekonferanse tysdag morgon.

Lakseskatten har tidlegare fått sterk kritikk frå fiskerinæringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forslaget skal gjennom ei stortingsbehandling. Men ettersom støttepartiet til regjeringa SV er for ein slik skatt, blir forslaget truleg vedteke.

Høgre vedtok på landsmøtet sitt i helga å seia nei til grunnrenteskatt på havbruk.

Vi har vore i kontakt med Håkon Tombre, dagleg leiar og eigar i Tombregruppen. Han hadde ikkje høve til å kommentera saka per no.

Vi jobbar med å få kommentarar frå andre lokale fiskeoppdrettarar.

Skuffar både til høgre og venstre

Invitasjonen frå regjeringa til eit breitt forlik om lakseskatt på Stortinget blir lunkent motteken av partia både på høgresida og venstresida.

Budsjettpartnar SV er blant partia som er skuffa over forslaget til grunnrenteskatt på havbruk, som vart lagt fram av finansminister Trygve Slagsvold Vedum og statsminister Jonas Gahr Støre tysdag morgon.

SV synest satsen på 35 prosent er for låg og meiner han heller burde liggje på 48 prosent.

– Vi har vore klare på at vi ønskjer å gjera lakseskatten både meir miljøvenleg og omfordelande, og det regjeringa foreslår i dag, er dessverre eit steg i feil retning, seier finanspolitisk talsperson for SV Kari Elisabeth Kaski.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi er urolege for at summen av endringane i stor grad går i favør av eigarane. Vi fryktar mellom anna at det blir for lett for dei store eigarane å organisera seg vekk frå grunnrenteskatten, seier Kaski.

Høgre avviser forlik

Også Høgre er skuffa og meiner regjeringsforslaget ikkje gir grunnlag for eit breitt forlik på Stortinget. Partiet vedtok på landsmøtet sitt i helga å seia nei til Arbeidarpartiets og Senterpartiets lakseskatt.

– Dette er ikkje godt nok, seier finanspolitisk talsperson for Høgre Helge Orten.

Han meiner regjeringa ikkje har lytta godt nok til dei innspela som har komme.

– Viss det skal vera grunnlag for eit breitt forlik, så meiner eg Stortinget må ta grep og krevja at fleire modellar blir greidde ut, særleg forslaget om inntektsgradert produksjonsavgift, seier Orten.

Venstre krev SV-garanti

Venstre opnar for å diskutera den foreslåtte lakseskatten, men vil ha garantiar for at regjeringa ikkje gir etter for press frå SV i budsjettforhandlingane til hausten.

– Vi vil ikkje vera ein tilfeldig elskar i vår før regjeringa går tilbake til ektesenga med SV til hausten, seier næringspolitisk talsperson for Venstre Alfred Bjørlo.

– Venstre vil berre vera med på avtalar som gir langsiktige garantiar om stabile rammevilkår og skattesystem for norsk næringsliv, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil ha strengare miljøkrav

MDG krev på si side at regjeringa bruker lakseskatten til å løysa miljø- og dyrevelferdsproblema til næringa.

– Det er merkeleg at regjeringa ikkje bruker moglegheita lakseskatten gir, til å stimulera miljøløysingar og driva fram miljø- og dyrevennleg oppdrett. I staden blir dei som tek ansvar, sitjande med rekninga sjølve, seier den næringspolitiske talsperson for partiet Rasmus Hansson.

MDG meiner utsleppsfrie oppdrettsanlegg burde få lågare skatt enn konvensjonelle anlegg, og at oppdrettsnæringa må påleggjast eit forpliktande mål på maks 10 prosent dødelegheit innan 2025.

Åtvarar mot forlik

Raudt åtvarar derimot regjeringa mot å søkja eit breitt forlik om lakseskatten og meiner Ap og Sp i staden burde lena seg på venstrefleirtalet i Stortinget.

– Regjeringa må bruka det historisk store venstrefleirtalet på Stortinget og ikkje la seg pressa av høgresida og lakselobbyen til ein holete lakseskatt i eit breitt forlik, seier Raudts fiskeri- og næringspolitiske talsmann Geir Jørgensen.

Avfolking langs kysten

Frp meiner oppdrettsnæringa i mange små lokalsamfunn går ei svært usikker tid i møte med forslaget til lakseskatt som no er lagt fram.

– Regjeringa har i dag tatt det første steget mot avfolking av viktige kystsamfunn, seier næringspolitisk talsperson i Frp, Sivert Bjørnstad, etter å ha høyrt forslaget til lakseskatt.

Han meiner regjeringa ikkje har tatt omsyn til innspela som har kome frå næringa i høyringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi vil no ta initiativ til at dei fire borgarlege partia set seg ned og ser på alternativ til denne skatteforma, seier Bjørnstad.