Betre førebudde: - Ved å gi tilbod om vaksine til fleire, er vi betre førebudde om smittesituasjonen skulle forverra seg framover.

Alle mellom 18 og 64 år får tilbod om 4. dose

– Vaksinasjon er framleis heilt sentralt for å handtera koronapandemien, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Fredag opplyste regjeringa at alle i alderen 18 til 64 år får tilbod om oppfriskningsdose av koronavaksine

Frå før har personar over 65 år, samt personar yngre enn 65 år som er meir utsette for alvorleg sykdomsforløp av covid-19, blitt anbefalt oppfriskningsdose.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi tilbyr no ein ny oppfriskningsdose til personar over 18 år som ikkje er omfatta av anbefalingane. Ved å gi tilbod om vaksine til fleire, er vi betre førebudde om smittesituasjonen skulle forverra seg framover. Covid-19-vaksinane beskyttar godt og lenge mot alvorleg sykdom, sier Kjerkol.

Regjeringas avgjerd baserer seg på anbefalingar frå FHI. Vaksinetilbodet gjeld også helsepersonell.

– Kommunane og helseføretaka kan no også gi tilbod om oppfriskningsdose til helsepersonell i førstelinja, seier Kjerkol.

Det er kommunane som organiserer vaksinasjonstilbodet. Vaksinasjon av gruppa frå 18 til 64 år utan underliggjande sjukdom kan starta i kommunar som har gitt eit tilstrekkeleg tilbod til risikogruppene, alternativt gi et parallelt tilbod om det er tilstrekkeleg kapasitet.