Mest mogleg normal dag: – Så langt det lèt seg gjere, skal elevane få ein mest mogleg normal skulekvardag tilbake neste veke, sa kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Regjeringa stadfestar at alle skulane opnar frå måndag

Grunnskular og vidaregåande skular opnar igjen neste veke. Det stadfesta regjeringa torsdag ettermiddag.

– Så langt det lèt seg gjere, skal elevane få ein mest mogleg normal skulekvardag tilbake neste veke, sa kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

– Alle dei helsefaglege råda vi har fått, tilseier at det er trygt å opna skulane for resten av elevane no, så lenge smittevernreglane blir følgde. Det kan bety at ikkje alle elevane kan vera på skulen samtidig, men det er viktig at skulane strekkjer seg langt for å gje eit godt skuletilbod, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho seier det kan vera behov for å gjera lokale tilpassingar.

- Det er store forskjellar mellom skulane og kommunane. Dette må tilpassast etter lokale forhold. Dette har regjeringa tillit til at kommunene vil finna ut av, sa Melby.