Særleg utsette: Statsminister Erna Solberg sa mellom anna at Oslo og Bergen er særleg utsette for smitte i desse dagar.

Regjeringa strammar ytterlegare inn - dette er dei nye tiltaka

Tysdag meldte statsminister Erna Solberg om at den prekære situasjonen i Noreg gjer at koronatiltaka må bli strengere.

– Situasjonen har blitt verre. Dei siste vekene har 6.000 nye blitt smitta. Folkehelseinstituttet anslår at kring 60 prosent av smittetilfella ikkje vert registrerte. Det vil seia at det er mykje skjult smitte der ute, minna statsministeren om.

Helseminister Bent Høie gav vidare beskjed om at ein helst ikkje bør omgåast fleire enn fem personar om gongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Unge og vaksne bør halda minst to meter avstand om dei har mistanke om at dei dei møter har vore i område der det er smitte. Unngå alle former for reiser som er unødvendige, sa Høie mellom anna.

Han la til at alle skjenkestader skulle ha innsleppsstopp frå klokka 22.00. Dette ville bli gjeldande frå komande laurdag.

– Me må stå i lag om å slå smitten ned igjen, avslutta Høie.

Dette er dei nye tiltaka:

Alle må i størst mogleg grad halda seg heime

Ved heilt spesielle høve kan du invitera opp til fem personar heim

Vi bør halda minst 2 meters avstand hos personar i risikogrupper

Maks 20 personer på private arrangement på offentlege steder og 50 på innendørsarrangement utan fastmonterte sete. Innandørs kan det vera inntil 200 personar på arrangement kor alle i publikum sit i fastmonterte sete.

Artikkelen held fram under annonsen.

Unødvendige innlandsreiser bør unngåast

Nasjonal skjenkestopp kl 24:00

Krav om attest på gjennomført test vert innførd hos alle frå raude land

Personar som kjem uten fast bopel eller arbeidsgjevar, må opphalda seg på koronahotell og testa seg i ein periode på inntil 10 dagar