Mest inngripande: – Raudt nivå på vidaregåande er det mest inngripande vi gjer overfor den elevgruppa, så det er definitivt ein stad å ta tak, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Regjeringa vil bort frå raudt nivå i vidaregåande skule

Regjeringa vurderer om vidaregåande skular kan gå frå raudt til gult nivå i løpet av veka.

– Vi vil endra trafikklys i vidaregåande frå raudt til gult. Det må vera eit gult nivå som gjer det mogleg for elevane å vera mykje til stades, samtidig som vi sikrar smittevern, seier statssekretær Halvard Hølleland i Kunnskapsdepartementet (Ap) til NRK.

Han seier endringar kan koma allereie før torsdag 14. januar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) seier det er meir krevjande å gå frå raudt til gult i vidaregåande skule, men seier regjeringa har bede om råd med tanke på å kunna gå bort frå dei strenge tiltaka for desse elevane.

– Raudt nivå på vidaregåande er det mest inngripande vi gjer overfor den elevgruppa, så det er definitivt ein stad å ta tak. Så må vi sjå på kva tilrådingar vi får frå helsestyresmaktene og vurdera det opp mot målet om minst mogleg tiltak mot barn og unge, forklarte kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) til NRK måndag morgon.

– Målet er å ta ned så mykje vi kan på heile utdanningssektoren, seier Brenna, men vil ikkje tidfesta når eventuelle endringar kan innførast.